søk

Mannen er et ustabilt fjellparti som ligger på vestsida av Romsdalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Mannen er ein del av det tre kilometer lange Børa-Mannen-komplekset.

Mannen. Foto: Tore Bergeng/NVE

Børa-Mannen-komplekset blei ein del av kartleggingsprogrammet til NGU på slutten av 1990-tallet. Periodiske målingar med GPS mellom 2006 og 2008 viste at det var mest bevegelsar i det ustabile fjellpartiet Mannen, og eit permanent overvakingssystem blei etablert. Dette består i dag av GPS-antenner, laserar, strekkstag, tiltmeter, instrumenterte borehol, geofonar og ein bakkebasert InSAR-radar. I tillegg er der ein vêrstasjon og kamera.

Bevegelsar kan målast mellom 600 og 1200 moh. Øvre del beveger seg med ein hastigheit på omlag 2 cm/år. Det er ein brå overgang til delane under som har hastigheit ca. 5 mm/år. I 2014 blei det påvist eit svært aktivt, lokalt parti av Veslemannen, med årlege bevegelsar i overkant av éin meter. Ei geologisk evaluering av hendinga i 2014 er tilgjengeleg i NVE sin rapportserie.

Eit skred fra Mannen vil råke noko busetnad, E-136 og Raumabanen. I tillegg vil opp- og nedstraumsflom i tilfelle dambrot kunne påverke 1650 innbyggarar i Romsdalen. I NGU si risikoklassifisering har Mannen høg faregrad og middels konsekvens. 

Det årlig nominelle sannsynet for et stort fjellskred frå Mannen er vurdert til å være mellom 1/100 og 1/1000. Faresonene for utløpsområdet er basert på en detaljert modellering frå NGU, og ligg på NVE si database over fareområder for fjellskred.

Det eksisterande overvakingssystemet er rekna som tilstrekkeleg for å sikre mot tap av menneskeliv.

Mannen i fugleperspektiv

Foto: Einar Anda/NVE

Trykk for større versjon

Utsikt fra Mannen

Foto: Tore Bergeng/NVE

Trykk for større versjon

Oversikt Mannen

Foto: Fjellskredseksjonen/NVE

Trykk for større versjon

Kart over fjellparti i Sør-Norge med døgnkontinuerlig overvåking. KART: NVE

Trykk for større versjon

Om Mannen i Møre og Romsdal

MANNEN: Et skred inntil 20 millionar m³ kan krysse Romsdalen og kan føre til oppdemning av elva Rauma. Om demninga brister kan det blir nedstraums flom.

Talet på menneske i faresonen varierer med årstida, frå relativt få til et par hundre.

Facebook icon Følg fjellskredovervåkingen på Facebook

Faresoner Mannen. Kart: NVE

Trykk for større versjon

Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU

Trykk for større versjon

Måleutstyr på Mannen. Foto: Tore Bergeng/NVE

Trykk for større versjon

Decorative map

Map location pin Kart

Ustabile fjellparti og faresoner

Fjellskred