søk

Dersom spenninga på installasjonane (medrekna transformator for innmating på nettet) er over 1000 volt vekselstraum/1500 volt likestraum, er anlegget konsesjonspliktig etter energilova. Slik konsesjon kan berre gjevast til selskap som har personell med høgspentkompetanse.

Små kraftstasjonar har normalt ikkje høgspenning. Høgspentkomponentar kjem først inn som ein del av tilknytinga til linjenettet, ofte vil det dreie seg om berre ein transformator for å transformere straumen slik at den kan sendast ut på eit eksisterande høgspentnett.

NVE vil ikkje stille krav til eigen anleggskonsesjon for vasskraftverk der spenningane i stasjonen og nettet ikkje overstig 22 kV. Desse installasjonane kan byggjast og driftast i medhald av det lokale nettselskap sin områdekonsesjon. Utbyggar tek kontakt med områdekonsesjonær direkte. Det er ein føresetnad at planlagde nybyggingar er godt grunngjeve og at det er teke nødvendige omsyn til andre arealbruksinteresser.

I vilkåra til dei enkelte områdekonsesjonane er det fastsett at planar for nye anlegg i medhald av områdekonsesjon skal leggjast fram for dei saka vedkjem. Normalt skal planar for nye anlegg sendast følgjande instansar til orientering: kommunen, fylkesmannen, grunneigarar og ansvarleg for regional kraftsystemplanlegging i området. Det skal vurderast om det òg er andre interesser som saka vedkjem. For å få fram alle relevante data bør det, under planlegginga av anlegget, takast uformell kontakt med dei instansane saka vedkjem.

Orienteringa skal innehalde:

  • beskriving av anlegget (utstrekning, spenning, tverrsnitt, mastetype, ryddebelte og byggeforbudsbelte)
  • plasseringa avmerka på oversiktskart i relevant målestokk, til dømes 1:5000
  • ei systemmessig grunngjeving for anlegget ei kort omtale av konsekvensar for miljø og arealbruk

 

Dersom det frå berørte partar kjem vesentlege innvendingar mot planane, skal saka etter vilkåra i områdekonsesjonen leggast fram for NVE for avgjerd. Dette er ei ordning til støtte for så vel utbyggar som for andre partar med interesser i saka.

I kontakt med grunneigarar/rettshavarar bør det søkast å oppnå minnelege avtaler om erverv av naudsynt areal og rettar. Om minnelege avtaler ikkje kan oppnåast, må det fremjast søknad om ekspropriasjonsløyve. Slik søknad skal sendast fylkesmannen.

Utbyggar kan og søke eigen anleggskonsesjon.

Les meir