Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse

Bjønnebekk kraftverk

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
4894
Saksnummer
201300236
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
28.09.2017
Tiltakshaver
UVDAL FOSSEKOMPANI AS
Fylke
Viken
Kommune
Nore og Uvdal
Vassdragsområde
015.JC22
Søkt produksjon
3,30 GWh

NVE gjev Uvdal Fossekompani AS løyve til å byggje Bjønnebekk kraftverk i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 3,3 GWh straum i eit middels år. Dette svarar til om lag 165 husstandar.

Uvdal Fossekompani planlegg å nytte fallet i Bjønnebekk mellom Øvre Bjønnetjønn og utløpet til Uvdalsåe, regulere Øvre og Nedre Bjønnetjønn, pumpe vatn opp i Øvre Bjønnetjønn. Dei vil også overføre Hegnebekk vest til Øvre Bjønnetjønn og ei namnlaus grein av Bjønnetjønn, kalla "Mellombekken" til Nedre Bjønnetjønn. Dei planlegg å nytte vatn til snøproduksjon.

Hovudproblemstillinga i saka har vore landskap. Etter NVE sitt syn har landskapet oppe på snaufjellet kring Øvre Bjønnetjønn i øvre del av utbyggingsområdet, eit urørt preg. Nedre delar av utbyggingsområdet er i all hovudsak allereie prega av inngrep knytt til alpinanlegget. NVE har difor avslått søknad om overføring av "Mellombekken" til Øvre Bjønnetjønn og regulering av dette vatnet.

Avgrensa utbygging

NVE gjev løyve til ei avgrensa utbygging med overføring av Hegnebekk vest til Nedre Bjønnetjønn og regulering av dette vatnet med 0,5 m, og å nytte fallet i Bjønnebekk mellom Nedre Bjønnetjønn og utløpet til Uvdalsåe til kraftproduksjon. NVE gir samstundes løyve til uttak av vatn til snøproduksjon. Det er også gjeve pålegg om slepp av minstevassføring på 15 l/s i Bjønnebekk som avbøtande tiltak.

NVE har i vedtaket lagt vekt på at ei slik redusert utbygging vil vera eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389/90198216

Rådgivar Kristine Naas, tlf. 22959766