Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse

Dyrdøla kraftverk

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
7597
Saksnummer
201503000
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
14.12.2017
Tiltakshaver
Dyrdøla Kraft (SUS)
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Fjord
Vassdragsområde
099.2AA
Søkt produksjon
5,50 GWh

NVE gjev avslag til Dyrdøla, Fossheim og Myklebust kraftverk, medan Rødøla kraftverk får løyve. Alle kraftverka ligg i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Kraftverket som har fått løyve vil produsere om lag 5 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 250 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 18,1 GWh/år.


Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på landskap har vore eit gjennomgåande viktig tema i NVE si vurdering av desse småkraftsakane i Norddal. Alle sakene som fekk avslag ligg i verna vassdrag; Dyrdøla, Fossheim (Norddalsvassdraget) og Myklebust kraftverk (Valldøla). NVE meiner desse kraftverka strir imot vernegrunnlaget i vassdraga. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpasningar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.


NVE meiner Rødøla kraftverk gjev små negative konsekvensar for ålmenne interesser, samstundes som det vil bidra til produksjon av fornybar energi.


For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til  prosjektet som har fått løyve.

 

Dyrdøla kraftverk  – Dyrdøla kraft (SUS)
Grunneigarane vil nytte fallet i Dyrdøla mellom kote 180 og kote 55. Dyrdøla er del av det verna Norddalsvassdraget. Inntaksdammen er planlagt ca. 17 m lang og opptil 4 m høg. Tilløpsrøyret har diameter 700 mm og vert nedgrave i heile si lengd på 780 m. Det søkjast om bygging av ca. 200 m ny veg for åtkomst til inntak og kraftstasjon frå eksisterande vegar.


Middelvassføringa ved inntaket er 1,46 m3/s og hovudalternativet i kraftverksplanane er planlagd med ei maksimal slukeevne på 875 l/s. Det søkast også om eit redusert alternativ med slukeevne på 700 l/s. Det er òg planlagt å bygge nytt vassverk i kombinasjon med kraftverket. Vassforbruket her vil vere ytterlegare 25 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 0,87 MW, og vil etter plana gje ein årsproduksjon på 4,6 GWh, ved største alternativ. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 740 m lang elvestrekning. Det er planlagd å sleppe ei minstevassføring lik 5-persentilniva på 625 l/s sommartid (1.5-30.9) og 24 l/s resten av året.

Klagesak er avgjort (2021) NVEs vedtak er opprettholdt. Departementet mener at en utbygging vil være i konflikt med verneverdiene i form av fysiske inngrep og redusert vannføring.