Flaumskred
Flaumskred er hurtige, flaumliknande skred som i hovudsak opptrer langs elve- og bekkaløp, òg der det vanlegvis ikkje er permanent vassføring. Vassmassane kan rive laus og transportere store mengder lausmassar, vegitasjon og tre i og langs løpet. Flaumskred kan bevege seg opp mot 40-50 km/t.
Kva kan utløyse flaumskred?
Kombinasjonen av:
•Kraftig eller vedvarande regn og/eller snøsmelting
•Stor vassføring og erosjon
og eventuelt
•Jordskred
•Sørpeskred
•Dambrudd og jøkulhlaup
For meir info om flaumskred, les faktaark om flaumskred.