Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 06.05.2019

NVEs årsrapport 2018

Årsrapporten gjev oversikt over hendingar som prega NVE i 2018, og ei samla vurdering av resultat og aktivitetar.

«Vassåret» 2018 var eit år med store kontrastar. I løpet av vinteren var det fleire store snøfall som førte til straumbrot. Vår og haust var det fleire flaumar og jordskred, og tørkesommaren fekk alvorlege verknader mange stader i landet. Den uvanleg varme og tørre sommaren førte til at den hydrologiske balansen, altså summen av magasinfylling, snø i fjellet og grunn- og markvatn, har lege under normalen. Saman med auka pris på kol, gass og CO2, gav det oss uvanleg høge straumprisar.

For året under eitt, kom det 13 TWh mindre nedbør enn normalt, medan tilsiget totalt enda på normalt nivå. Samla norsk kraftproduksjon i 2018 var 145,7 TWh, som er ein nedgang på 3 TWh jamført med 2017.

Mange av NVEs fagområde var langt framme i det offentlege ordskiftet i 2018. Både straumprisar, effekttariffar, utrullinga av AMS-målarar, vindkraft, flaum og tørke fekk mykje merksemd

Det vart nok ein gong sett forbruksrekord i Noreg i 2018. Det norske kraftforbruket var 135,4 TWh. Kaldt vêr på våren, elektrifisering og auka straumforbruk i kraftkrevjande industri og petroleumssektoren er dei viktigaste årsakene.

I 2018 vart 2,7 TWh kraftproduksjon frå nye vind- og vasskraftprosjekt sett i drift. Av dette var 1,0 TWh vasskraft, mellom anna frå dei store prosjekta Rosten og Lysebotn 2.

Det var 45 dagar med flaumvarsel og 49 dagar med jordskredvarsel i 2018.

 

Fleire utvalde tal og hendingar finn du i NVEs årsrapport 2018