Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 17.01.2019

Nettselskapa forventar 135 milliardar kroner i nettinvesteringar dei neste ti åra

I rapporten «Status og prognoser for kraftsystemet 2018» har NVE samanstilt informasjon frå kraftsystemutgreiingane for regional- og transmisjonsnettet frå 2017 og 2018, samt frå distribusjonsnettselskap. Forventa investeringar summerer seg til 135 milliardar kroner dei neste ti åra. Det vart investert 14 milliardar kroner i transmisjonsnettet i 2016 og 2017, noko som har bidrege til betydeleg betre forsyningstryggleik. Ny teknologi kan gjere investeringsbehovet noko mindre.

Investeringar

  • Nettselskapa legg i hovudsak «business as usual» til grunn for forventa nettinvesteringar. Ved å ta i bruk ny teknologi, kan investeringsbehovet reduserast. Vi arbeider saman med selskapa for å finne ut korleis den nye teknologien skal bli tatt i bruk, slik at nettleiga ikkje stig meir enn nødvendig seier direktør for energiavdelinga i NVE, Anne Vera Skrivarhaug.

Kraftsystemutgreiingane (KSUane) gir ei viktig oversikt over både dagens og framtidas kraftsystem. På bakgrunn av dagens kraftsystem og forventa utvikling i forbruk og produksjon, gir utgreiingane informasjon om kva nettinvesteringar som er nødvendige for å fornye nettet og møte framtidige behov. Forventa nettinvesteringar summerer seg til om lag 20 milliardar kroner i regionalnettet og mellom 50 og 70 milliardar kroner i transmisjonsnettet for perioden 2018–2027. I same tiårsperiode er det forventa investeringar for i om lag 50 milliardar kroner i distribusjonsnettet, pluss 4 milliardar kroner i investeringar i AMS.

Prognosar for energi- og effektbruk

Rapporten viser at nettselskapa forventar ein beskjeden auke i framtidig energi- og effektbruk for alminnelig forsyning. Samstundes viser dei innrapporterte talla ein kraftig auke i forventningane for energi- og effektbruk innan kategorien «stort forbruk» (tidligare kraftintensiv industri). Dette er kundar med effektuttak på over 15 MW i topplast og brukstid på over 5000 timer.

Samanlikna med førre «Status og prognoser for kraftsystemet 2016» har nettselskapa i 2018 meldt inn ein brattare vekst det neste tiåret og ein langsiktig auke til eit nivå som er 1150 MW høgare enn i 2016. Årsaken til denne auken er blant anna at fleire av KSUane for 2018 har inkludert nye mulige datasenterprosjekt i prognosane. Noko av auken kjem også frå ny olje- og gassindustri.

God forsyningstryggleik

Rapporten gjev også ei oversikt over punkt i nettet der feil på enkeltkomponentar kan gje avbrot for sluttbrukarar (punkt utan N-1). Dette er ein viktig indikator på forsyningstryggleiken i kraftsystemet. I KSUane for 2017 og 2018 er det identifisert 340 og 204 slike punkt i høvesvis regional- og transmisjonsnettet. Særleg i transmisjonsnettet har det vore ein betring av forsyningstryggleiken frå 2015 til 2017. I åra 2016 og 2017 vart det investert om lag 14 milliardar kroner som har bidrege til å redusere punkt i transmisjonsnettet utan N-1 betydeleg.

Generelt sett er forsyningstryggleiken i Norge god, men NVE brukar oversikta til å identifisere punkt der feil kan gje store konsekvensar. Der feil kan gje store konsekvensar er det i mange tilfelle allereie planlagt tiltak som vil føre til betre forsyningstryggleik. Desse punkta blir følgt opp, særleg der det ikkje alt er planlagde tiltak.

Les heile rapporten her

Kontaktpersonar

Vegard Willumsen, vew@nve.no, tlf 22 95 91 85 / 92 25 17 02

Lovinda Ødegården, looe@nve.no, tlf 90 27 42 37