Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 20.12.2017

Avslag til Hoffmannselva kraftverk

NVE avslår søknaden om løyve til å byggje Hoffmannselva kraftverk i Hamarøy kommune i Nordland.

Det er Nord-Salten Kraft AS som har søkt om å byggje vasskraftverket, som ville gitt ein årleg produksjon på om lag 16,6 GWh.

Reindrift har vore det mest sentrale temaet i vår vurdering av prosjektet. Ei utbygging vil kunne få store negative konsekvensar for Staggjo - Habmer reinbeitedistrikt, og NVE meiner det ikkje er mogeleg å avbøte desse. NVE har også lagt noko vekt på at tiltaket vil gje negative konsekvensar for friluftlivsverdiar i området.

Som en følgje av at NVE meiner skader og ulemper er større enn nytta av tiltaket, gjev NVE ikkje løyve til bygging av Hoffmannselva kraftverk.

 

Les meir om Hoffmannselva kraftverk her.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef, Øystein Grundt,
tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar, Joachim Kjelstrup,
tlf. 22 95 91 47 / 917 10 966