Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 20.12.2017

Avslag til Sandnes Småkraftverk

NVE avslår søknaden om løyve til å byggje Sandnes Småkraftverk i Osestadbekken med overføring av Storevatnet i Lindesnes kommune i Vest-Agder.

Kraftverket ville hatt ein årleg produksjon på om lag 6,45 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 325 husstandar.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging ville føre til negative konsekvensar for anadrom fisk og eit statleg sikra friluftsområde. Overføringa av Storevatnet ville i tillegg ha påverka Litleåna og Oppsalbekken som båe er sideelver i Lyngdalsvassdraget, som er eit verna vassdrag. Fraføringa av vatn frå Lyngdalsvassdraget ville ha påverka verneverdiane på ein slik måte at NVE har tillagt dette noko vekt i den heilheitlege vurderinga si.

Les meir om Sandnes Småkraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt,
tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Brit T. Haugen,
tlf.: 22 95 95 95