Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 31.10.2017

Eitt avslag og ei fraråding til vasskraftverk i Bø kommune i Telemark

Midt-Telemark Energi AS har søkt om løyve til Nye Oterholtfoss kraftverk og interimsstyre for Herrefoss har søkt om løyve til Herrefoss kraftverk i Bøelva, i Bø kommune i Telemark. NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje løyve til byggje Nye Oterholtfoss kraftverk. Samstundes har NVE avslått søknaden om å byggje Herrefoss kraftverk.

Nye Oterholtfoss kraftverk og Herrefoss kraftverk er planlagde som elvekraftverk med årleg produksjon på høvesvis 42,1 GWh og 16,2 GWh. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka.

Nye Oterholtfoss kraftverk NVE har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper ved planlagde Nye Oterholtfoss kraftverk og meiner at dei negative effektane for fisk, elvemusling, friluftsliv, landskap og kulturmiljø samla er store vurdert opp mot planlagt produsert kraft. NVE har lagt særleg vekt på at redusert vassføring vil vere negativt for gyte- og oppvekstområde for laks og aure, og for elvemuslingbestanden. Det er vurdert som sannsynleg at storaure frå Norsjø nyttar planlagt utbygd strekning som gyte- og oppvekstområde. NVE har også vektlagt verdien av Bøelva og Oterholtfossen for kultur- og landskapsopplevingar, rekreasjon og ulike friluftslivaktivitetar.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Nye Oterholtfoss kraftverk.

Herrefoss kraftverk

Når det gjeld Herrefoss kraftverk har storaure, elvemusling og fiskeinteressene i Bøelva vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjektet. NVE meiner at dei negative verknadane for desse er store, vurdert opp mot planlagt produsert kraft.

Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaka ikkje er større enn ulempene tiltaka fører med seg.

 

Les meir om innstillinga til Nye Oterholtfoss kraftverk

Les meir om avslaget til Herrefoss kraftverk

 

Kontaktperonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby
tlf. 22 95 90 88 / 416 78 203

For info om Nye Oterholtfoss kraftverk:
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen
tlf. 22 95 92 90 / 908 50 206

For info om Herrefoss kraftverk:
Seksjonssjef Småkraft Øystein Grundt
tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216