Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 14.12.2017 , sist oppdatert 15.12.2017

Eitt løyve og tre avslag til småkraftverk i Nordland

NVE tilrår løyve til bygging av Nevervatnet kraftverk i Sørfold med overføring av Kjølvikelva i Fauske kommune i Nordland. Blåmann, Kobbskarelva og Mørsvikelva vasskraftverk får avslag.

Nevervatnet kraft AS ynskjer å overføre Kjølvikelva til eksisterande regulering i Nevervatnet og samstundes byggje eit nytt Nevervatnet kraftverk. Kraftverket og overføringa vil auke den totale kraftproduksjonen i vassdraget med 22 GWh. Dette vil gje straum til om lag 1100 husstandar. NVE meiner at overføringa og det nye kraftverk gjev ei betre nytting av eksisterande reguleringar og at ulempene som er knytt til reindrift i stor grad kan bli redusert gjennom avbøtande tiltak. NVE tilrår derfor løyve til bygging av Nevervatnet kraftverk med overføring av Kjølvikelva.

I vedtaket om Blåmann kraftverk har NVE lagt vekt på at tiltaket vil føre til store landskapsmessige inngrep i sårbart høyfjellslandskap. Når det gjeld Mørsvikelva kraftverk har NVE lagt vekt på at tiltaket vil føre til store terrenginngrep sett i høve til produksjon. For Kobbskarelva Kraftverk har verknader på landskap, friluftsliv, reindrift og samla belastning vore viktige faktorar i NVE si vurdering. NVE har også lagt vekt på at prosjektet har høg utbyggingspris.

NVE har kome fram til at dei negative verknadane av Blåmann, Mørsvikelva og Kobbskarelva kraftverk er så store at desse tre små vasskraftverka får avslag. Total produksjon for dei tre kraftverka som har fått avslag ville vore 20 GWh.

Les meir om Kobbskarelva kraftverk

Les meir om Mørsvikelva kraftverk

Les meir om Blåmann kraftverk

Les meir om Nevervatnet kraftverk

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Anne Johanne Rognstad, tlf 22 95 94 45
Sakshandsamar Brit Torill Haugen, tlf.: 22 95 95 95