Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 15.12.2017 , sist oppdatert 18.12.2017

Fire løyve og to avslag til små vasskraftverk i Voss

NVE gjev løyve til Kleivelvi, Storagroe, Tverrelvi og Bjørndalen kraftverk i Voss kommune. Søknadane om Urdlandselvi og Togrovi kraftverk får avslag.

Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 31,6 GWh i eit middels år. Det svarar til straumbruken til om lag 1580 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 16 GWh/år.

Naturens mangfald, landskap og tilhøvet til vassdragsvernet i Vossovassdraget har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei to kraftverka som har fått avslag.

 

Søkjar

Kraftverk

Produksjon (GWh/år)

Småkraft AS

Urdlandselvi

Avslag

Mjølfjell Ungdomsherberge AS

Kleivelvi

4,0

Voss Energi AS

Storagroe

8,5

NGK Utbygging AS

Tverrelvi

12,9

NGK Utbygging AS

Bjørndalen

6,2

NGK Utbygging AS

Togrovi

Avslag

 

Les meir om kvart kraftverk:

Urdlandselvi kraftverk

Kleivelvi kraftverk

Storagroe kraftverk

Tverrelvi kraftverk

Bjørndalen kraftverk

Togrovi kraftverk

 

 

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt          tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Helén Natalie Liebig-Andersen tlf.: 22 95 98 95

Sakshandsamar Tonje Aars Grønbech  tlf.: 22 95 92 06

Sakshandsamar Steinar Pettersen tlf.: 22 95 94 03