Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 04.04.2016

Ikkje løyve til Kvitfors kraftverk

NVE avslår søknad om løyve til å bygge Kvitfors kraftverk i Kvitforselva i Narvik kommune i Nordland, grunna omsyn til landskap, friluftsliv og reindrift i eit område der det allereie er stor vasskraftutbygging.

Kvitfors kraftverk ville hatt ein årleg produksjon på om lag 17 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 850 husstandar.

NVE legg vekt på at Kvitfors kraftverk er planlagt i eit bynært friluftsområde som er i hyppig bruk, og der Kvitforsen saman med fjellet «Den sovande dronning», er eit viktig landskapselement. Redusert vassføring vil gjere fossen mindre synleg i landskapet, og sannsynlegvis føre til at naturtypen «fosseeng» forsvinn. I tillegg legg NVE i avslaget vekt på den samla belastninga på Skjomen reinbeitedistrikt.

 

Les meir om bakgrunn for vedtaket.

 

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Rådgivar Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34