Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 07.12.2018 , sist oppdatert 10.12.2018

Ikkje løyve til Strindelva kraftverk

NVE avslår søknaden frå Nordvest Energi AS om løyve til å byggje Strindelva kraftverk i Snåsa kommune, i Trøndelag. Dette fordi ei utbygging vil ha negative verknader for reindrift og landskap.

NVE har lagt stor vekt på dei negative konsekvensane tiltaket vil få for reindrifta i form av tapte vår- og vinterbeiteområde i nokre av dei mest urørte områda for reindrifta. Området er svært skrint og med lite lausmasser. Ein røyrtrasé i  eit slik terreng med minimalt overdekke kan føre til at rein i eit varig perspektiv lettare vil trekke ned til veg og jernbane.

NVE meiner at dei planlagde inngrepa med tilhøyrande negative konsekvensar for landskap i denne saka ikkje i tilstrekkeleg grad kan avbøtast.

Strindelva kraftverk ville hatt ein produksjon på 13,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 670 husstandar.

Les meir her

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 901 98 216
Saksbehandlar Dag Kjellevold, tlf. 917 59 965