Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse

Ikkje løyve til Svorte kraftverk

NVE avslår søknad frå Svorte kraftverk AS om løyve til å byggje Svorte kraftverk i Svorte i Hjartdal kommune i Telemark.

Svorte kraftverk ville hatt ein årleg kraftproduksjon på om lag 3,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 160 husstandar.

Avslaget er i hovudsak grunngjeve med at kraftverket ville ha produsert lite straum, og samstundes hatt høge kostnadar. Etter NVE sine berekningar ville prosjektet hatt ein utbyggingskostnad på 13 kr/kWh, noko som er svært høgt for småkraftverk.

Avslaget er også grunngjeve med at kraftverket ville ha påverka naturtypar og landskap negativt, og auka den samla belastninga på vassdraget.

 

Les meir om saka

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt:
tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Anne Johanne Rognstad:
tlf. 22 95 94 45