Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 16.05.2018

Informasjonsmøte om ny 132 kV kraftleidning Gilja–Seldal

NVE inviterer til offentleg møte torsdag 24. mai kl. 19.00 i Gilja bedehus, Kroveien 2, Dirdal.

NVE har motteke søknad frå Lyse Elnett søker om ein ny 132 kV kraftleidningar mellom Gilja i Gjesdal kommune og Seldal i Sandnes kommune. Traseen dei no søker om er ein annan enn den dei søkte om i 2011. Lyse Elnett søker òg vidare drift av eksisterande 132 kV leidning Lyse–Tronsholen 2 frå Seldal til Tronsholen. Leidningane vil knyte Gilja vindkraftverk, som har fått konsesjon, til kraftnettet. Gilja Vindkraftverk søker samstundes om ein justering av leidningstraseen for tilknyting av vindkraftverket.

NVE har sendt søknaden på høyring til kommunane som får verknader av anlegga, i tillegg til ei rekke andre høyringsinstansar. Høyringsfristen er sett til 15. august 2018.

Alle interesserte er velkomne på møtet.

 

Les meir om sakane på www.nve.no/kraftledninger

 

Kontaktperson

Sakshandsamar Martin Windju, tlf. 22 95 94 90