Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 03.05.2019 , sist oppdatert 06.05.2019

Informasjonsmøte om ny 66 kV kraftleidning Harpefoss-Ringebu

NVE arrangerer offentleg møte i samband med at Gudbrandsdal Energi Nett har søkt om ein ny kraftleidning mellom Harpefoss kraftstasjon til Ringebu transformatorstasjon i Sør-Fron og Ringebu kommunar.

Tid og sted: 9. mai 2019, kl. 19 i Sør-Fron kulturhus, Glasmestervegen 8, 2647 Sør-Fron.

Gudbrandsdal Energi Nett søkjer om to alternative trasear for kraftleidningen, på 19-20 km. Den eksisterande leidningen skal rivast når ny er ferdig bygd. Tiltaket vert grunngjeve med at dagens leidning har kort teknisk restlevetid, samt at ny leidning vil auke forsyningssikkerheta og kapasiteten i nettet.

NVE har sendt søknaden på offentleg høyring, og høyringsfristen er satt til 21. juni 2019.

Alle interesserte er velkomne til møtet.

 

Kontaktpersonar

Sakshandsamar Katrine Gabrielsen
tlf. 22 95 94 46

Seksjonssjef Lisa Vedeld Hammer
tlf. 22 95 90 33