Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 26.08.2016 , sist oppdatert 29.08.2016

Ja til Mordøla og nei til Rydøla kraftverk

NVE gjev Mordøla Kraft AS (SUS) løyve til å bygge Mordøla kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane. NVE gjev ikkje Luster Småkraft AS løyve til å bygge Rydøla kraftverk i same kommune.

Mordøla kraftverk vil produsere om lag 11,9 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 600 husstandar. Rydøla kraftverk, som fekk avslag, kunne gitt om lag 14,9 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap, friluftsliv og turisme har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta.

NVE meiner Mordøla Kraftverk i liten grad er i konflikt med ålmenne interesser, og det vil bidra til auka produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til prosjektet.

Ei utbygging av Rydøla kraftverk ville medført ei betydeleg reduksjon av Ryfossen som landskapselement, noko NVE har lagt vesentleg vekt på. Det er etter NVE si meining ikkje mogeleg å endra utbyggingsløysinga på ein måte som gjer at dei ålmenne interesser vert særleg mindre råka.

 

Les meir om Rydøla kraftverk

Les meir om Mordøla kraftverk

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44