Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 29.03.2019

Løyve til å byggje ny kraftleidning frå Tysnes til Stord

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Haugaland Kraft Nett løyve til å byggje ein ny kraftleidning frå Langeland transformatorstasjon på Tysnes til Stord transformatorstasjon på Litlabø i Hordaland.

 

Tiltaket inneber bygging av om lag 18 km ny luftleidning. Dei to eksisterande leidningane mellom Langeland og Stord er gamle og nærmar seg si tekniske levetid, og NVE meiner det er naudsynt å gjere tiltak for å sikre straumforsyninga. Dei eksisterande leidningane skal rivast etter at den nye leidninga er bygd.

NVE gir samstundes Haugaland Kraft Nett ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynt grunn og rett for bygging og drift av dei nye tilknytingsleidningane.

NVE sett krav om at Haugaland Kraft Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan før arbeida kan starte.

Kontaktperson

Seksjonssjef: Lisa Vedeld Hammer, tlf 22 95 90 33 / 419 06 523

Saksdokument

Les meir om saka her.