Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 26.04.2018 , sist oppdatert 27.04.2018

Løyve til overføring av Store Fiskelausen til Øksevatn, i Øvre Eiker kommune i Buskerud

NVE gjer løyve til å overføre Store Fiskelausen til eksisterande reguleringsmagasin Øksnevatn, i Øvre Eiker kommune i Buskerud.

NVE har handsama søknad frå Statkraft Energi AS om å overføre Store Fiskelausen til Øksnevatn i Øvre Eiker kommune i Buskerud. Overføringa vil nytte eksisterande reguleringsmagasin og auke produksjonen i Hakavik kraftverk med 1 GWh. Det er planlagd å lage ein terskel i utlaupet av Store Fiskelausen med slepp av minstevassføring.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at overføringa vil gje ei produksjonsauke på 1 GWh, som svarar til straumbruken til om lag 50 husstandar, utan å skape store inngrep. Ein vil nytte eksisterande regulering og det er venta få negative konsekvensar for allmenne interesse.

Les meir om overføring av Store Fiskelausen her.

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16

Sakshandsamar Marthe Cecilie Pramli tlf. 22 95 92 23