Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 17.10.2017 , sist oppdatert 18.10.2017

Løyve til tre og avslag til to små vasskraftverk i Åseral

NVE gjev løyve til Herresbekken, Hamkollåna og Skothomtjønn kraftverk, medan Bliksåna og Gjermundsbekken kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Åseral kommune i Vest-Agder.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 14 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 700 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 8,6 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verknader på landskap og friluftsliv har vore dei viktigaste tema i NVE si vurdering. NVE har gjeve løyve til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for allmenne interesser, og samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve.

Les meir om kvart enkelt løyve/avslag:

Bliksåna kraftverk

Søkar: Tinfos AS, Produksjon (GWH)/år: Avslag

Hamkollåna kraftverk

Søkar: Bjørn Erik Smeland, Produksjon (GWh)/år: 4,47

Skothomtjønn kraftverk

Søkar: Ljosland Fallrettsameie (SUS), Produksjon (GWh)/år: 4,1

Gjermundsbekken kraftverk

Søkar: Ljosland Fallrettsameie (SUS), Produksjon (GWh)/år: Avslag

Herresbekken kraftverk

Søkar: Herresbekken Kraft (SUS), Produksjon (GWh)/år: 5,45

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt tlf.: 22 95 93 89 / 90 19 82 16

Sakshandsamar Anne Johanne Rognstad tlf.: 22 95 94 45

Sakshandsamar: Kaja Henny Engebrigtsen tlf: 22 95 92 51