Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 03.09.2018 , sist oppdatert 30.04.2019

Nasjonal ramme for vindkraft – nye temarapportar

NVE er godt i gang med å utarbeide ei nasjonal ramme for vindkraft. I dag publiserer vi temarapportar om naboverknadar og drikkevatn.

I rapporten om naboverknader tek vi for oss støy, synlegheit og andre verknader for naboar. På grunnlag av gjennomgangen anbefaler vi ein minsteavstand frå vindturbinar til heilårs- og fritidsbustader. Vi meiner minsteavstanden bør tilsvara fire gonger den totale høgda til vindturbinen. Der som det for eksempel vert planlagd vindturbinar med totalhøgde på 150 meter vil minsteavstanden bli 600 meter. Dersom vindturbinane er 200 meter høge, blir minsteavstanden 800 meter.

Rapporten om drikkevatn handlar om verknadar for drikkevasskjelder. Som med andre utbyggingar kan drikkevasskjelder bli påverka av vindkraftutbygging. Risikoen for forureining vil i dei fleste tilfella vere minimal dersom ein gjennomfører gode nok avbøtande tiltak.

NVE vil publisere fleire temarapportar i løpet av dei neste vekene.

 

Les rapportane her

Kontaktpersonar:

Prosjektleiar Erlend Bjerkestrand, tlf. 91 12 94 13

NVEs pressetelefon (ikkje sms), tlf. 489 97 667