Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 20.12.2018

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Foreningen til Begnavasdragets Regulering (FBR) nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Åbjøravassdraget

Vassdraget går gjennom kommunane Vestre Slidre, Vang, og Nord-Aurdal i Oppland, og Gol og Hemsedal i Buskerud.

På bakgrunn av krav frå kommunane Gol, Vestre Slidre, Vang, Hemsedal og Nord-Aurdal har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Åbjøravassdraget.
NVE tilrår fleire tiltak som etter vår meining vil betre miljøforhalda i Åbjøravassdraget.

NVE tilrår at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraget, som gjev moglegheit til å pålegge ulike avbøtande tiltak.

Av omsyn til fisk fiske og landskap tilrår NVE vilkår om slepp av minstevassføring i Buaråni, Tisleia og Flya. For Tisleia og Flya tilrår NVE eit auka slepp av minstevassførings samanlikna med dagens slepp.

NVE tilrår ikkje slepp av minstevassføring i Nøra eller Åbjøra og heller ikkje magasinrestriksjonar i Tisleifjorden, då fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg.

NVE tilrår å ikkje endre dagens magasinrestriksjonar for Flyvatn.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir her

Kontaktpersonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby,
tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Jensen,
tlf. 22 95 92 90 eller 908 50 206