Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 22.12.2017

NVE tilrår konsesjon til å overføre Våtekleivbekkane

Statkraft Energi har søkt om konsesjon til å overføre Våtekleivbekkane i Ulvik herad til Lang-Sima kraftverk i Eidfjord kommune, Hordaland. NVE rår Olje- og energidepartementet til å gi konsesjon.

Statkraft Energi ynskjer å bygge eit vatninntak i Våtekleivbekken Nord og eit i Våtekleivbekken Syd, saman berre Våtekleivbekkane, på Osafjellet i Ulvik herad. Bekkeinntaka vil lede vatn inn på eksisterande overføringstunnel mellom Skrulsvatnet og Floskefonnvatnet. Vatnet vil drenere vidare til Rundavatnmagasinet, og kan derifrå utnyttast til kraftproduksjon i Lang-Sima kraftverk.

NVE meiner ulempene ved å overføre Våtekleivbekkane til Lang-Sima kraftverk er akseptable, og at Statkraft Energi bør få konsesjon. Vi legg vekt på at ulempene for anadrom fisk i Norddøla er moderate, og lar seg til dels avbøte med slepp av minstevassføring. Vi legg også vekt på at overføringa vil gi ny regulerbar kraft med små og lite synlige inngrep i landskapet.

Overføringa vil gi om lag 5,9 GWh regulerbar kraft. Dette er straumbruken til om lag 295 husstandar.

Les meir om overføring av Våtekleivbekkane til Lang-Sima kraftverk

Kontaktperson

Senioringeniør George Nicholas Nelson, tlf 917 13 900