Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 22.06.2018

Revisjon av konsesjonsvilkåra for Trollheim kraftverk i Surna

NVE rår Olje- og energidepartementet til å innføre nye og meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Surna (Trollheim kraftverk) i Surnadal kommune i Møre og Romsdal.

NVE tilrår fleire tiltak som etter vår meining vil betre forholda for fiskebestandane i det nasjonale laksevassdraget Surna. Trollheim kraftverk, eigd av Statkraft Energi, er viktig for kraftforsyninga i regionen og tiltak er vurdert i lys av det. NVE tilrår å sleppe minstevassføring frå inntaket i Rinna og i Store Bulu heile året, å redusere døgnbasert effektkjøring vinterstid og å justere vassinntaket i Follsjø for å få ein meir naturlig vasstemperatur nedanfor Trollheim kraftverk. Vi tilrår også å legge teknisk revisjon av kraftverket utanom hovudperioden for utvandring av smolt, og at standardvilkår for naturforvaltning vert teke med i vilkåra. Trollheim kraftverk vil fortsatt være regionalt viktig for kraftforsyninga.

 

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om vilkårsrevisjonen her

Kontaktpersonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 41 67 82 03

Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf 22 95 92 90