Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 10.05.2017 , sist oppdatert 22.06.2017

Tilråding om løyve til vasspumpe i Lærdal vil gje straum til 1700 bustader

NVE tilrår Olje- og energidepartementet å gje Østfold Energi AS løyve til å bygge Mørkedøla pumpe i Mørkedøla i Lærdal kommune. Mørkedøla renn frå Hemsedalsfjellet mot Borlaug og Mørkedøla pumpe vil tilføre energisystemet netto om lag 34 GWh per år. Dette svarar til straumforbruket for om lag 1700 bustader.

NVE legg vekt på at Mørkedøla pumpe vil gje eit monaleg tilskot til produksjon av fornybar energi gjennom auka produksjon i Borgund kraftverk og Stuvane kraftverk.

Prosjektet omfattar inntak med pumpestasjon i Mørkedøla omkring kote 839 nedanfor Eråksstølen. Vatnet vil i periodar av året bli pumpa opp i eksisterande overføringstunnel mellom Eldrevatn og Vassetvatn.

NVE meiner at tiltaket sine verknader for miljø og naturressursar er akseptable, og vektlegg i tilrådinga at pumpa i avgrensa grad vil påverke vassføringa i Lærdalsvassdraget.

Som avbøtande tiltak på strekninga nedanfor pumpeinntaket foreslår NVE mellom anna å sleppe tilsigsavhengig minstevassføring på 320 l/s og 35 l/s høvesvis om sommaren og vinteren. Vidare skal Mørkedøla pumpe stansast dersom vassføringa ved Sæltun vassmerke i Lærdalselva kjem under 20 m3/s i perioden 15.06 - 31.08.

Les mer om Mørkedøla pumpestasjon i Lærdalsvassdraget her.

 

 

Kontaktpersonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby
Mobil: 416 78203

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen
Mobil: 908 50206