Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 13.09.2018 , sist oppdatert 14.09.2018

Tilrår nytt manøvreringsreglement for Dalavatn i Jørpelandsvassdraget

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Jørpeland Kraft AS nytt manøvreringsreglement for reguleringa av Dalavatn i Strand kommune i Rogaland fylke.

På bakgrunn av søknad frå Jørpeland Kraft AS, har NVE handsama sak om endring av manøvreringsreglementet for Dalavatn i Jørpelandsvassdraget.

NVE rår til at det blir gjeve nytt manøvreringsreglement for reguleringa av Dalavatn. NVE meiner dei tilråda reguleringsgrensene ikkje medfører vesentlege endringar i forhold til den reguleringa som har vært praktisert i Dalavatn. Reguleringsgrensene for dei andre magasina i vassdraget er samstundes tilrådd endra med kotehøgder etter landsomfattande høgdesystem.

Les meir om endring av manøvreringsreglementet for Dalavatn

 

 

 

Kontaktpersonar:


Rune Flatby, avdelingsdirektør, tlf. 416 78 203

Carsten Stig Jensen, seksjonssjef, tlf. 908 50 206