Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 28.04.2017

Tre løyve og fem avslag til småkraftverk på Helgeland

NVE gjev løyve til Kjerringåga, Kaldåga og Neverdalselva kraftverk i kommunane Lurøy og Vefsn. Heimstadelva, Langset, Forselva, Skjerva og Reinfjellelva kraftverk i kommunane Lurøy, Nesna, Leirfjord og Vefsn får avslag.

 

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 26 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1300 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 48 GWh/år.

Reindrift, naturmangfald og landskap har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei fem kraftverka som har fått avslag.

 

Søkjar

Kraftverk

Kommune

Produksjon (GWh/år)

Clemens Kraft AS

Kjerringåga

Lurøy

12,6

Clemens Kraft AS

Heimstadelva

Lurøy

Avslag

Småkraft AS

Langset

Nesna

Avslag

Norsk Vannkraft AS

Forselva

Leirfjord

Avslag

Norsk Vannkraft AS

Neverdalselva

Vefsn

8,7

Kaldåga Kraft SUS

Kaldåga

Vefsn

4,7

Norsk Vannkraft AS

Skjerva

Vefsn

Avslag

Norsk Vannkraft AS

Reinfjellelva

Vefsn

Avslag

 

Les meir om kvart kraftverk:

Kjerringåga kraftverk

Heimstadelva kraftverk

Langset kraftverk

Forselva kraftverk

Neverdalselva kraftverk

Kaldåga kraftverk

Skjerva kraftverk

Reinfjellelva kraftverk

 

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Steinar Pettersen  tlf.: 22 95 94 03

Sakshandsamar Tord Solvang  tlf.: 22 95 92 48

Sakshandsamar Tor Carlsen  tlf.: 22 95 93 93