Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 23.05.2019 , sist oppdatert 24.05.2019

No har Voss betre oversikt over skredfaren i kommunen

Voss kommune har no fått betre og meir presise kart som viser skredfare i utvalde områder. Måndag 20. mai overleverte NVE faresonekart for skred i bratt terreng til kommunen. Karta viser at totalt 11 bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 93 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.

NVE har utarbeida faresonekart for skred i bratt terreng for Voss kommunen. Foto: NGI

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagte områda er Bulken, Voss-Løno, Stalheim, Kvormo-Vinje, Oppheim, Evanger, Brekkhus, Li, Mønsberget og Ygre.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Brigt Samdal.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Kontaktpersonar

Brigt Samdal, regionsjef
telefon: 90748238

Idun Nessestrand Vefring
telefon: 2295 9536