Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 11.03.2016

Omfattande tilsynsverksemd i 2015

NVE utførte i 2015 til saman rundt 630 revisjonar og inspeksjonar innanfor vassdrags- og energilovgjevinga og anna energirelatert regelverk. I tillegg kjem skriftleg tilsyn. Tilsynsverksemda skal sikre at viktige norske samfunnsverdiar vert ivaretekne.

- Etter at NVE i 2015 utførte 104 revisjonar, 528 inspeksjonar og gjennomgjekk tallause innrapporterte data, ser vi at kontroll og annan oppfølging med etterfølgande reaksjonsbruk er heilt naudsynt. Både for å sikre at ein når målsetjingane med regelverket, og at krav i regelverk og vedtak vert følgd, seier avdelingsdirektør for tilsyn og beredskap i NVE, Ingunn Åsgard Bendiksen.


Tilsyn har effekt
NVE kontrollerte 20 fagområde i 2015. Fleire av områda skal sikre at viktige norske samfunnsverdiar vert ivaretekne. Dette gjeld for eksempel forsyningssikkerheit og at energimarknaden fungerer, at omsyna til sikkerheit, miljø og landskap vert ivaretekne ved bygging og drift av vassdrags- og energianlegg, og at dei mange krava frå EU knytt til energisektoren vert etterlevd. Det kan føre til betydeleg skade dersom
krava som er sett ikkje blir følgt.


- Vi ser at NVEs tilsyn har effekt. Dette er særskilt tydelig der avvik vert følgt opp med reaksjonar, til dømes tvangsmulkt. Medan tvangsmulkt vart varsla i 270 saker i 2015 , vart det berre gjort vedtak i 93 av dei. Dette syner at verksemder ser det formålstenleg å gjere korrigeringar når NVE har varsla ein reaksjon. NVE meiner slike einskilde reaksjonar også kan ha ein preventiv effekt. Spesielt gjeld dette i saker der reaksjonen har eit økonomisk element i seg, seier Bendiksen.


Ho understrekar vidare at kontrollane NVE utfører må sjåast i samanheng med dei andre måtane NVE følgjer bransjen på. Til dømes godkjenner NVE detaljerte planar for all nybygging og ombygging av  vassdragsanlegg og energianlegg, medrekna kraftliner, for å sikre at i krava som er sett i konsesjonen vert etterlevd.


Omfang og metode

NVEs tilsynsverksemd er omfattande og rettar seg mot konsesjonærar, dameigarar, nettselskap og kommunar. Kvart år vel NVE ut tilsynsobjekt og kontrolltema basert på mellom anna risiko, erfaringar og hendingar. Utvalet blir gjort slik at føretak av ulik storleik og type er representert.


Dei viktigaste kontrollmetodane nytta er revisjon og inspeksjon. I tillegg vert det til dømes nytta laboratorietesting av kvitevarer, kartlegging ved hjelp av spørjeundersøkingar, skriftlege kontrollar, gjennomgang av aktørane sine nettsider eller gjennomgang av innhenta eller innrapportert dokumentasjon frå aktørane.

Last ned Årsrapport for tilsyn 2015 her.

 

Kontaktperson:

Seniorrådgjevar Jan Henning L'Abée-Lund,
tlf.: 908 54 195

NVE pressetelefon,
tlf.: 489 97 667

Reaksjonar i 2015

Varsel om stans: 3

Varsel om retting: 201

Vedtak om retting: 186

Varsel om tvangsmulkt: 270

Vedtak om tvangsmulkt: 93

Varsel om lovbrotsgebyr: 4

Vedtak om lovbrotsgebyr: 3

Melding til politiet: 1

Kvifor tilsyn?

Det overordna målet med NVEs tilsyn er å sikre at ein når målsettingane med styringa av vassdrags- og energisektoren, og at krava i regelverk og vedtak blir følgde. Tilsyn er ein viktig del av den totale reguleringa av sektoren, og utfyller dei andre verkemidla NVE har. NVE brukar både direkteregulering (set spesifikke krav) og insentivregulering (set mål).