Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 23.08.2017

Kraftsituasjonen veke 33 2017

Framleis låg vindkraftproduksjon.

I veke 33 var det ein auke i kraftetterspurnad samanlikna med veka før. Det er framleis låg vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark, samstundes som vedlikehald av kjernekraftreaktoren Oskarshamn 3 byrja i veke 33.

Lågare produksjon frå vind- og kjernekraft bidrog til høgare kraftproduksjon frå vasskraft i Noreg og Sverige. I tillegg kom ein rekke termiske kraftverk tilbake etter årleg vedlikehald og medverka til høgare kraftproduksjon i Danmark.

I førre veke auka dei nordiske kraftprisane unnateke i Nord-Noreg og på Jylland. På søndag var kraftprisane på Jylland negative i nokre timar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,
tlf: 22 95 94 42