Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 22.08.2018

Kraftsituasjonen veke 33 2018

Høgt tilsig i Noreg gav auka eksport.

I veke 33 kom det 4 TWh med tilsig til dei norske vasskraftmagasina, noko som er om lag 40 prosent høgare enn normalen. Det medverka til auka vasskraftproduksjon i heile Noreg. Samstundes vart det ein nedgang i dansk vindkraftproduksjon, noko som førte til auka etterspørsel etter den norske vasskrafta. Det gav meir eksport frå Noreg til Danmark.

Meir kapasitet på kabelen frå Noreg til Nederland medverka òg til auka eksport ut av Noreg.

Trass i tørken i sommar er kraftprisane i Noreg lågast i Norden og lågare enn i Europa. Høge prisar på kôl, gass og CO2 medverkar til auka kostnadar for kraftproduksjon på kontinentet. Hetebølga i sommar gav problem på kjøling av kraftverk, men òg høg etterspurnad etter kraft til nedkjøling.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik,

Tlf: 22 95 93 31