Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 30.08.2017

Kraftsituasjonen veke 34 2017

Høgare prisar i Norden.

I førre veke gjekk kjernekraftproduksjonen i Sverige kraftig ned grunna vedlikehald. No er berre om lag halvparten av kjernekraftverka i normal drift. Samstundes vart den samla vindkraftproduksjonen i Danmark og Sverige på det lågaste nivået til no i år.

Desse faktorane medverka til ein auke i kraftprisen i dei nordiske prisområda. Auken vart størst i Sverige, Finland og Danmark, der prisen kom opp i over 1 krone per kWh i ein time på onsdag. I Noreg vart prisane mindre påverka, grunna avgrensingar i kraftnettet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 her. (PDF)

Pressetelefon

489 97 667