Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 27.09.2017

Kraftsituasjonen veke 38 2017

Dobling i eksport til Danmark.

Rekordlåg dansk vindkraftproduksjon bidrog til ein markert auke i dei danske kraftprisane førre veke. I tre timar på måndagen var produksjonen under 10 MW, noko som er det lågaste nivået seden vindkraft blei kommersialisert i Danmark. Dette medverka til at eksporten frå Noreg til Danmark vart meir enn dobla, samanlikna med veka før.

Lågare temperaturar førde til høgare forbruk i båe Noreg og Sverige. Grunna det auka forbruket og den låge vindkraftproduksjonen, auka vasskraftproduksjonen i Noreg. I NO2 var auken på heile 18%, samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 her. (PDF)

Kontaktperson

Ingrid Bjørshol Holm, tlf: 980 26 689