Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 01.02.2017

Kraftsituasjonen veke 4 2017

Høgare temperaturar bidrog til lågare kraftpris.

Høgare temperaturar gjorde at forbruket i Norden gjekk ned i førre veke, spesielt i Nord-Noreg og Nord-Sverige. Produksjonen frå kjernekraft og vindkraft totalt sett var uendra samanlikna med veka før, medan vasskraftproduksjonen gjekk noko ned. Kraftprisane i alle dei nordiske elspotområda vart redusert i veke 4.

Januar 2017 har vore ein mild månad samanlikna med same månad i fjor, då det vart sette nye forbruks- og produksjonsrekordar i Noreg. I gjennomsnitt har kraftprisen likevel ligge på same nivå som i januar 2016, noko som kan skuldast ein meir normal ressurssituasjon i år enn i fjor, da fyllingsgraden var på eit svært høgt nivå.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 her (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,
tlf: 476 43 457