Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 07.03.2018

Kraftsituasjonen veke 9 2018

Høgaste vekepris på 7 år.

Temperaturane over Skandinavia gjekk vidare ned sammenlikna med veka før. Dette auka kraftforbruket i Norden og løfta kraftprisen i systemet til sitt høgaste vekenivå siden 2011.

Vindkraftproduksjonen tok seg opp igjen og var høg gjennom heile veka, og utgjorde eit viktig bidrag til kraftbalansen i Norden. Det medverka til nettoimport til Norge fra Danmark. Dette synar at vindkraft óg kan bidra i harde kuldeperiodar.

Mangel på effekt gjorde at Finland fekk ein pris på 245 øre/kWh på torsdag morgon. Den høge timesprisen spreidde seg til Aust-, Midt- og Nord-Noreg.

Kontaktpersonar

Rådgjevar Martin Andreas Vik,
tlf: 22 95 93 31

Seniorrådgjevar Gudmund Bartnes,
tlf: 22 95 93 46