Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 06.02.2019

Vassmagasinstatistikk veke 5 2019

Fyllingsgraden nærmar seg 50 prosent. Ved utgangen av veke 5 var fyllingsgraden i norske magasin 50,8 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 3,4 prosenteiningar mot 3,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 58,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 44,4 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 55,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 5 2019, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.