Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 25.02.2009 , sist oppdatert 16.09.2021

Svalbard, Ny-Ålesund

Det Internasjonale Polaråret 2007-09.
I august 2008 etablerte NVE ein permanent målestasjon for markvatn og grunnvatn på Svalbard. Stasjonen er ein del av NVEs bidrag i Det Internasjonale Polaråret.

 
Ny-Ålesund frå Kongsfjorden. Foto: Hervé Colleuille, NVE, 2007

Målestasjonen ligg i Ny-Ålesund nær fortøyingsmasta til Roald Amundsen sitt luftskip (foto), og er etablert i samarbeid med m.a. Universitetssenteret i Svalbard (UNIS), met.no og Norsk polarinstitutt.

Endringar i permafrosten - ein viktig klimaindikator
På heile Svalbard er det evig is i bakken, 100 meter tjukk ved kysten og 4-500 meter tjukk under fjella. Kun nokre få meter i overflata er tint om sommaren, og det er dette ”aktive laget” NVE har overvaka sidan august 2008.

Endringane i det aktive laget over tid er ein viktig klimaindikator, og dataene som vert registrerte på timebasis (flytande vatninnhald (inntil 1m 50), jordtemperatur (inntil 10 m), teledjup, lufttemperatur, grunnvatnstand, vanntemperatur) gir auka forståing for konsekvensen av klimaendring og hjelp til å utvikle hydrologiske modellar. Undersøkingar av slike endringar i permafrosten er verdifulle supplement til meir tradisjonelle klimastudier.

Oppvarming av bakken med tining av permafrost kan ha alvorlege konsekvensar for samfunnet. Det fører til ustabilitet i jord og skaper utfordringar for all busetnad og infrastruktur på Svalbard (setningsskader, frost av røyr, jordras..). Kunnskap om fryse- og tineprosessane i det aktive laget er òg viktig for bærekraftig utnytting av ressursane i polarområda.

Etablering av målestasjon ved Ny-Ålesund: Foto Tina Vestersager og Knut Møen (begge NVE), 2008.

Data frå målestasjon ved Ny-Ålesund