Energi
Vann og vassdrag
Naturfare
Kart
Konsesjon
Om NVE
Sandkasse
Publisert 12.05.2016 , sist oppdatert 07.07.2017

Ny rettleiar for utbyggarar av vindkraftanlegg

Rettleiaren skal gjere det enklare å utarbeide detaljplan og miljø,- transport- og anleggsplan (MTA) for vindkraftverk.

Illustrasjonsbilde, rettleiar for uttbyggarar av vindkraftanlegg. Foto: NVE

I Rettleiar for utarbeiding av detaljplan og miljø,- transport-, og anleggsplan (MTA) for vindkraftverk finn ein skisse til ein struktur som det er ønskjeleg at konsesjonærane brukar når dei utarbeidar planar. Ein finn og omtale av dei forholda som må vurderast og skildrast i planane.

Målgruppa for rettleiaren er primært tiltakshavarar og konsulentar som utfører planleggings- og utgreiingsarbeid knytt til vilkåret om MTA og detaljplan for vindkraftverk. Rettleiaren vil også gje nyttig informasjon til andre som på ein eller annan måte er involverte i planleggingsarbeidet av eit vindkraftverk.

Rettleiar for utarbeiding av detaljplan og miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) for vindkraftverk. (PDF)

Kontaktinformasjon:

Seksjonssjef Øyvind Leirset, tlf.: 22 95 90